Skilnad er ei danseforestilling laga av 3. klasse dans på Skeisvang VGS, kor målet har vore å setje forståing i rørsle, og vere ei hyllest til ulikskap og mangfald. Førestillinga er koreografert av elevane sjølve, kor dei i stor grad har blitt inspirert av skeiv kunst, og korleis dei sjølv tolkar og relaterer til temaet. Ved å bruke eigne erfaringar, lytte til andre og trekkje parallellar til eigne liv – har dei diskutert seg i mellom og omsett tankane som har dukka opp under samtalane til rørslene.